Bacalao-fabrikantar går nye vegar

(Artikkel hentet fra Sunnmørsposten 26.02.2004)

Til og med kristiansundarar har skrytt av bacalaoen vår, seier bacalao-grunder og Sintef-forskar Roar Pedersen.

Mat

Bacalao-elskar Pedersen har som mange andre undra seg over kor vanskeleg det kan vere for folk flest å få tak i skikkeleg klippfisk til eit bacalao-måltid. Då Sintef-forskaren hamna på same kontor som sivil-økonomien Yngve Tvedt byrja snøballen å rulle. Så kom brødrene Håvard og Rune Vartdal inn i biletet med kapital og arbeidslyst. Dermed vart Bacalaofabrikken AS fødd.

Stort potensiale

Sidan i fjor sommar har det vore produsert bacalao på plastboks i det nedlagde lakseslakteriet på Festøya. Forretningsideen er basert på at bacalao er forholdsvis sjeldan kost på norske marbord, trass i at den er ein vinnar på smaksfronten.

Det er utan tvil stort potensiale i bacalao, men vi har registrert skepsis mot det som har vore av ferdigvarer. Poenget er at bacalaoen må vere god. Folk stiller høge krav til smak, konsistens og fiskekvalitet, seier Roar Pedersen.

Deira bacalao er ikkje ein oppvarmingsklar middag, inkludert ei stor mengde poteter. Likevel er produktet tilpassa kravet om at det skal gå raskt for seg på eit moderne kjøken. Metoden er enkel: Utvatna klippfisk vert lagt lagvis samen med løk og tomatsaus i ein plastboks. Dermed vert det 1,7 kilo basis for ein bacalaomiddag for 4-5 personar.

Utfordringa har vore å lage ein bacalao som er på høgde med heimelaga bacalao, seier Roar Pedersen.

Bacalaofabrikken garanterer at det er godt med fisk i boksen, og at råvaren er torsk frå øvste hylle.

Siden bacalaoen er basert på rå varer tåler den frysing. Og når folk skal lage den til kan dei gjere ein personleg vri. Tilbakemeldingane frå kundane har berre vore gode, både frå dei som skal lage eit festmåltid, og for dei som driv storhusholdning, seier dagleg leier Yngve Tvedt ved Bacalaofabrikken.

Byrja i det små

Trass i namnet er det ikkje så mykje som minner om ein fabrikk i lokala på Festøya. Bacalao-fabrikantane har nemleg byrja i det små. Likevel: Etter fem månaders drift i fjor vart den første millionen i omsetnad passert. Produktet byrjar å bli etablert på heimebane, det vil seie Sunnmøre. No skal resten av landet erobrast, og dermed er den vesle bedrifta inne i ein kritisk fase.

Vi har tilsett ein medarbeidar på sal, og held på å byggje opp agentnett rundt om i landet. Både kundar og kjeder skal overtydast. Det tar tid, men vi er innstilte på å vere tolmodige og systematiske, seier Roar Pedersen, Yngve Tvedt og Rune Vartdal.

I år er målet ein omsetnad på fem millionar kroner. Deretter kan alt skje.

Lukkast vi nasjonalt, vert det veldig spennande om vi kan klare det internasjonalt. Vi er sikre på at det er eit potensiale for foredling i Norge. Det vi gjer er å skaffe oss marknadskompetanse som klippfisk-næringa treng for å kome seg vidare, seier dei optimistiske bacalaogrunderane.